Ciderbrygging
Kullsyre - kva er det?
Kullsyre er ganske enkelt CO2 (karbondioksid) som er løyst opp i væske. CO2'en blir danna under gjæring, når , som kjent, gjæren bryt ned sukker til alkohol og karbondioksid. Det står meir om dette i kjemisk grunnlag. 180 gram sukker blir omdanna til 92 gram alkohol og 88 gram karbondioksid. Så det blir danna ganske mykje karbondioskid i løpet av gjæringa. Har du for eksempel 4 kilogram sukker i eit brygg, så vil det dannes omtrent 2 kilogram karbondioksid.
Skal du laga cider av dine egne epler (evt. andre frukter, sjølv om det per definisjon berre er eple som kan bli til cider), må du (forutan å hausta inn frukta, som eg reknar med du skulle klare utan noko meir forklaring) presse safta ut av frukta. Som nemnt under vin-delen, kan du enten presse frukta eller koke den. Kva du vil velge, er opp til deg, og mange vil nok velge koking, ganske enkelt fordi ein ikkje har utstyr til å pressa frukt. Men begge metodar krever ein del arbeid; ein skal ha ei stor panne for å koke all frukta på ein gong.