Denne sida er meint for deg som er interessert i høgtalarbygging eller som har planar om å byggja deg høgtalarkasse (kabinett). Eg har sjølv byggd ein del kabinett både til meg sjølv og til andre bekjente. Eg har også vore med andre som har byggd og har fått ein del tips og idèar frå dei.

Det eg har tatt med her er ein gjennomgang av bygginga av ein tenkt kasse, med punkt som er viktige å merka seg og forslag til løysingar. Denne gjennomgangen er skrevet slik at ein skal kunna skjøna den utan noko særleg forkunnskap, så dei av Dykk som er ekspertar må enten godta det eller ganske enkelt ikkje lesa det... Viss du følger denne gjennomgangen når du bygger kasse sjølv, er det viktig at du leser litt forran, slik at du veit kva som skal skje får du begynner.

Send ideer,kommentarer eller spørsmål til magnebra attt online pointt no

  • Generelt

Her har eg tatt utgangspunkt i ein basskasse ( ein sub ), men det er same framgangsmåte ved bygging av høgtalarkasse med fleire element. Forskjellen ligg litt i utforminga, ein vanleg høgtalarkasse er vanlegvis høg og smal, slik at ein får plassert diskanten og mellomtonen i øre-høyde. Ein basskasse er gjerne utforma slik at den kan gjøymast vekk.

Diskantelementet og mellomtone-elementet er gjerne også plasser i eit eige kammer i kassen. Det fordi at trykket i bassen ikkje skal påverka dei andre elementa. I praksis vil det berre sei at du har ei plate på tvers inne i kassen som sperrer av eit eiget rom til dei minste elementa.

Viktig: Teikna skisser på forhånd. Du må veta klart korleis du vil ha kassen. Les denne gjennomgangen og teikn deretter korleis du vil ha din kasse, så unngår du kanskje nokon vanlege feil.

  • Valg av material

Det ein må tenke på når ein skal velga material til høgtalarkassen er pris, lett å arbeide med og lydegenskapar. Dersom du skal ha det beste (eller betre enn naboen) har vel ikkje pris så mykje å sei, men eg har no tatt med det òg i vurderinga. Alle materiala er enkle å arbeida med, men sponplata er ganske sprø, så dersom du er uheldig kan du knekke plata. Med lydegenskapane meinar eg kor god "egendemping" materialet har eller kor lite resonans det gir. For når det oppstår svingingar i kassen (når du spelar musikk) vil også platene svinga til ei viss grad. Det er ikkje ønskeleg, sidan lyden frå dei vibrerande platene vil koma i tillegg til musikken/lyden. Tykkelsen på platene bør også vurderes. Skal det stå eit basselement i kassen bør platene vere minst 22mm tykke.

Egna material er vanleg sponplate, kryssfinèr og MDF. Det billegaste er sponplate, men det er også den fordelen den har. Lydegenskapane er greie nok for den vanlege kjellar-byggaren men skulle du spør ein "ekspert" så vil nok han (eller hun) sei at sponplate ikkje held mål. Kryssfinèr er smule dyrare (veit ikkje akkurat pris, men den kan vel variera litt også...), men er enklare å arbeida med enn sponplata. Den er stivare og har også betre lydegenskapar. MDF er sjølve proff-materialet innan høgtalarbygging, men sjølvsagt også det dyraste. MDF har dei beste lydegenskapane av desse tre materiala og det er berre det som har noko å seia for dei beste.

  • Tilpassing av material

Dersom du sager til materiala sjølv bør du vere nøyen med måla slik at du ikkje får små mellomrom når du har sett saman kassen. Dette gjeld spesiellt dersom eine sida på kassen skal vere skrå, viss f.eks den skal stå inntil bakseteryggen i ein bil. Sjå. fig. Dersom du får materiala tilskåret av trevarefirmaet, pass på å gje rett opplysingar til den som skal skjære det til. Teikn skisser så det holder, hugs at det er betre med 10 ark med skisser enn 10 mm feil.

Skråkantane skrakanter alltid vanskelege å få til med vanleg verktøy. Du bør ha ein fres dersom du skal gjere dette sjølv. Det beste viss du ikkje har ein fres er å få dei tillagde der du kjøper materiala. Skulle du likevel finna på å gjera dette sjølv utan fres, så har du nokon gode råd her:

  • Fyrst av alt, ta ikkje av for mykje, bommar du totalt kan det bety at du må ha ei ny plate.

  • Merk av på oppsida av plata kor langt inn skråinga skal gå. Viss du skal høvle kanten, må du ikkje høvle meir når du ikkje ser merkinga meir.

  • Ved høvling har det ein tendes til å bli ein ganske rund kant. Det bør du unngå, men ta ikkje for mykje av!

Bor hol til element, eventuellet bassrefleksrøyr og leidningstilkopling i platene før du byrjar å setja i saman kassen. Holet til elementet er vanlegvis stort, så dei fleste vil nok bruka nikkesag til det. Berre pass på at holet ikkje blir så stort at det er åpning mellom elementet og plata. Dette vil føre til dårleg effekt av høgtalaren.

  • Samansetting av kassen (les alt før du begynner)

trede Det kan vera lurt å begynne med ei plate som alle andre plater skal settast opp på (plate A på figur). Fyrst fester du plate B & C. Du borer to hol frå udersiden av A og inn i B & C ( ei om gongen) i kvar ende av B & C.

Pass på at platene står vinkelrett på kvarandre. Boret skal vere 1,5 mm tynnare enn skruane, hola skal hindra platene i å sprekka når du skrur inn skruane. Når du har boret hola kan du laga forsenkingar til skrue-hovuda. Dette slik at hovudet på skruen ikkje stikk utanfor materialet. Bruk ein stor bor, på størrelse med skruehovudet og bor forsiktig ein "grop" rundt holet, ikkje meir enn at det ikkje stikk utanfor.

Deretter tar du lim på eine plata. Viss du har sponplater, så trekker dei mykje lim i skjera, bruk då rikeleg med lim. Plasser platene i saman og skru til. Når desse to skruane er skrudd inn, borer du resten av hola til plata. Prøv å ha ca. 10-15 cm. avstand mellom hola. Når du skrur til skruane må du passe på viss du bruker ein elektrisk drill/driver utan moment (kraft) -justering. Du kan lett øydeleggja gjengene som skruane har laga i materialet. Men eg vil likevel anbefale bruk av elektriske hjelpemiddel, du blir sinnsjukt sliten i armane.

Når du har festa B & C på denne måten setter du D inn mellom desse, eller bak dersom du har valgt det. Bor hol til plate D, enten gjennom D inn i B & C (og A ), eller gjennom B & C (og A) inn i D. Ha på rikeleg med lim og sett plata inn/på plass. Skru fast dei to skruane på kvar side, bor nye hol (med 10-15 cm. avstand) og skru i resten av skruane.

Sett deretter saman resten på same måte, men dersom du skal tetta med silikon (anbefales), bør du gjera dette før du skrur siste plata på, dersom du ikkje har eit stort hol til høgtalarelementet. Men du kan gjere det gjennom hol i kassen dersom du får det til.

  • Montering av element. o.l.

No kan du byrja å montera i kassen. Dersom du skal ha stoff-trekk på kassa, bør du fyrst skjera dette til og ta det på, slik at du får endane på det under element,tilkopling og evt. bassrøyr.

Før du monterer leidningstilkoplinga bør du lodde/feste leidningane som skal gå inni kassen. Dette fordi det er veldig vanskeleg å lodda dei på igjennom holet i kassen (eg har prøvd og det gjekk heller dårleg, eg måtte ta ut igjen heile tilkoplinga). Sjølve festinga kan gjerast med lim, eller dersom det er skruehol i tilkoplinga, skru den fast. Hugs å leggja stoff-trekket under kantane, viss du har det.

Bassrefleksrøyret kan også limast fast. Men du bør laga holet så passleg (eller litt for lite) at du må bruka litt makt for å få det nedi og lima i tillegg. Tett også her med silikon rundt kanten, helst på innsida, der viser det minst.

Vedlagd elementet er det ofte ein pakning. Denne skal (som det antakelig står i veiledninga) limast rundt kanten på holet, eller på baksida av elementet, rundt kanten. Dette er bra nok, og det trengs ikkje noko silikon der.

Du skal no, etter mine berekningar, ha noko som liknar veldig på ein høgtalarkasse forran deg. Om du er fornøyd, kjem litt an på kva som var målet, om du hadde mulighet til å nå det, og kor godt arbeide du har lagd ned i den. Men eg håpar ihvertfall at denne enkle gjennomgangen har vore til hjelp for deg som har tenkt å bygga, du som har bygd før og ikkje fått det til, og til du som no fekk vann på mølla og har tenkt å byggja.

Alle kommentarar,idear,skryt,utskjelling (helst ikkje det då, please!) eller spørsmål kan sendast til:

We use cookies on our website. Some of them are essential for the operation of the site, while others help us to improve this site and the user experience (tracking cookies). You can decide for yourself whether you want to allow cookies or not. Please note that if you reject them, you may not be able to use all the functionalities of the site.

Ok