Gjennomgong av det mest nødvendige utstyret for å laga eigen vin.

Kva utstyr du treng kjem litt an på om du skal høste frukt og gjere alt frå botnen av. Men ting du uansett treng er:

Basisutstyr:

  • Vinballong - Ein eller anna behaldar til å ha vinen i under gjæring. Ein får kjøpt ballongar og store "bøtter" til dette formålet i forskjellige butikkar (finns ofte i jernvare type buttikker). Helst bør ein ha to ballongar, for å tappe om vinen i den eine.
  • Gjærlås - Utan denne vil vinen bli infisert av alle slags bakterier og berre du luktar på vinen, så vil du dø!!! Vel... Ikkje fullt så galt, men gjærlåsen held, i tillegg til partikler, luft ute av ballongen under gjæringen. For mykje luft-tillgang kan føre til at alkoholen blir omdanna til eddik. (FYSJ).
  • Hevert - kan vere kjekt å ha. For å tappe vinen i over i rein ballong eller på flasker. Utan hevert har du eit problem dersom du vil ha klar vin, og det vil vel dei fleste. Vinheverter fås med ein kjekk stopper som du midlertidig kan stoppe væska slik at du ikkje søler vin mens du finn ei ny flaske (Dette er VELDIG VIKTIG: IKKJE SØL VIN).
  • Trakt - kan også vere greit å ha. Når du skal helle druesafta frå din personlege vingård i ballongen, eventuellt andre råstoff i flytande form, unngår du sløsing ved hjelp av denne geniale oppfinnelsen.
  • Flasker,korker og korkemaskin - Forutsatt at du ikkje setter heile ballongen med hevert på bordet, er også dette utstyret nyttig for å lagre vin til seinare anledningar. Vin blir ofte bedre, sagt på ein annan måte: vin forandrar seg ofte i smak under lagring. Korkemaskinar finnes i mange forskjellige variantar. Nokre enkle der du berre trykker korken i for hand. Andre som har handtak og sparer deg for dei store styrkeprøvane.

Dette er det basisutstyr du bør ha for å setja vin. Prislappen på dette bør ligge under 200 kr. Gjer det ikkje det, gå ein annan plass.
Skulle du lage vin av eigne frukter og bær, så bør du ha noko av dette utsyret:

Saftpresseutstyr:

  • Vinpresse - Dersom du har din egen vingård, eller andre frukter i hagen, vil du gjerne presse safta ut av desse fruktene, slik at den egner seg bedre for vinballongen. Til det kan du lage deg ei lita presse, linker til sider som beskriver dette skal plasserast her seinare. Eg har ikkje høyrt om at det finnes slike presser til hobbybruk for salg, men gi beskjed om du veit om slike...
  • Saftsil - som og brukes til laging av saft av diverse frukt og bær. For å få safta ut av råvarene kan dei kokast på same måten som ved safting.

Tilleggsutstyr:

  • Oechlevekt/Hydrometer - Med dette måler du sukkerinnholdet i brygget ditt. Ved å måle sukkerinnholdet før og etter gjæring kan du rekne ut kor sterk vinen er.
  • Vinometer - Måler alkoholstyrken på vinen din , dersom det er ein tørr vin. Søte viner inneholder sukker som forstyrrer målinga.
  • Termometer - Brukes for å måle temperaturen i brygget før du har i gjæren.

Dette er det utstyret som reint praktisk brukes under vinlegging, men i tillegg kan det vera fornuftig å ha litt reingjeringsutstyr.

  • Ballong og flaskebørste - Til reingjering av ...... øh,ja,jo. ballong og flasker.
  • Reingjerings og steriliseringsmiddel - Kan vera lurt å gjera utstyret skikkeleg reint innemellom.

Gjær: Kan delast inn i forskjellige kategoriar; svakvin og sterkvinsgjær, og flytande og fast gjær.
Svakvinsgjær kan gi opp til 12% alkoholstyrke, mens sterkvinsgjær kan gi opp mot 20% alkoholstyrke (påstås det iallefall).
Fast og flytande form har forskjellig konsistens....
Ein kan også få gjær som er spesiell til ein bestemt vintype. Det finns f.eks. gjær for sherry, portvin, bordeaux, o.l.

I tillegg til dette kjem dei tilsetjingsstoffa du eventuellt tilsetter vinen din. Ikkje alle synest det er bra å bruka for mange slike stoff, nokre av dei kan setta litt smak på den ferdige vinen.

Tilsetjingsstoff:

  • Gjærnæringssalt - Dette gir næring til gjæren, den lever ikkje berre på sukker.. Tilsettes ofte i lag med gjæren i byrjinga av gjæringa.
  • Vinsvovel - Brukes til å hindre oksidering (f.eks at alkohol omdannes til eddik) og dreper eventuell villgjær og bakterier. Dreper også tilsatt gjær ved gjæringsslutt.
  • Pektinenzym - Eit enzym som bryter ned pektin i frukt. Pektin fra frukt kan gjere klaring av vin vanskeleg, unngås ved å tilsette dette enzymet. Men for mykje enzym kan også gi problem med klaring. Gir bedre saftutbytte ved pressing.
  • Bentonitt - Ei slags leire som brukes som klaringsmiddel. Bentonitten vil dra med seg ureinhetar (inkl. døde gjærcelelr) til botnen når gjæringa har stoppa. Bra til raude vinar.
  • Kiselsol og Gelantin - Klaringsmiddel som verkar sammen. Vinen kan ikkje innehalda kullsyre ved bruk av desse.
  • Vinsyre,sitronsyre - Brukes for å gjere vinen surere. Gjæren likar seg i litt surt miljø.
  • Gjærstopp - Drep gjæren dersom du vil avslutte gjæringa før sukkeret er brukt opp, eller etter ferdig gjæring for å hindra at gjæringa starter på nytt. Gjæring etter at vinen er tappa på flasker fører til høgt trykk på flaskene og kan gjer at flaskene eksploderer. Pass på...

Det finnes i tillegg til desse, som er dei mest vanlege, ein del andre tilsetjingstoff. For eksempel eikespon, essenser, krydder, farger.