Vin eller ei eller anna slags form for gjæra fruktsaft har nok vore kjent av menneska i lang tid, kanskje nesten like langt tilbake som me kan spore dei tidlegaste menneska.. Ingen veit korleis vin blei "oppfunnen" eller oppdaga. Muligens stod det ei krukke med fruktsaft bortgjøymd ei lang stund. Så begynte den å gjære og det utvikla seg alkohol. Når menneska då skulle drikke den, kjente dei at smaken var annleis og dei likte denne nye smaken. Etter å ha drukket eindel av denne krukka, merka dei også at dei vart i godt humør, følte seg sorgfri og i toppform (dei vart berusa).

Gjæringsprosessen

 Det var ikkje før på 1800-talet at menneska begynte å forske på gjæringa, som er den prosessen som lagar alkohol. Det var fyrst når mennesket hadde skjøna gjæringsprosessen at det vart dyrka gjær spesiellt for vinbrygging.
 Gjæring er spalting av sukker C6H15O6 til karbondioksid ( CO2 , kullsyre ) og alkohol ( C2H5OH , etanol ).

C6H15O6  > CO2 + C2H5OH

Men det er den enkle framstilliga. Det har vist seg at det er mange mellomledd i denne prosessen , og at det må vera forskjellige enzym tilstades for at gjæringa skal inntreffa.
 Sjå kjemisk grunnlag for meir informasjon om gjæringa.

Kva blir vin laga av?

 Alt som inneheld sukker kan gjæres. Men for mykje sukker drep gjæren, så det er visse begrensingar. Vin kan difor bryggjast av all slags frukt og bær, tom. rognebær og korn. Ta for eksempel den kinesiske sake , vin brygga på ris. Men den klart viktigaste og ikkje minst den mest vanlege er vindruen.
 Når druene er modne , blir dei knust og safta pressa ut. Gjær blir tilsatt og gjæringa startes. Raudvin blir laga av blå druer. Man lar skallet liggja igjen i safta, for at raudfargen som finns i skallet skal løysa seg opp. Kvitvin lages av grønne druer, eller av blå druer, der skallet er plukket ut av safta. Rosevin kan lages ved å ganske enkelt å blande raud og kvit vin. Eller ved å blande blå og grønne druer i passelig forhold før gjæringa.

Druesortar

 Nesten halvparten av all dyrka frukt på jorda er druer. Det finns ca. 5000 forskjellige druesortar, men berre eit par hundre er interessante for vinbrygging.

Cabernet Sauvignon
 Smakar solbær og sedertre. Er ein av dei mest berømte blå druene og dominerar det franske vindistriktet Bordeaux. Her blir det også produsert nokre av verdas mest fornemme vinar.

Pinot Noir
 Den mest dyrka drua i Cote d'Or i Bourogne. Gir lette og lyse raudviner. Er kjent for sin mjuke smak og den lett gjennkjennelige bringebærdufta.

Riesling
 Tysklands klassiske grønne drue. Det blir hevda at denne drua gir den beste vinen i verden. Blir dyrka i alle vinland. Kjenneteiknast av ei skarp og aromatisk lukt og ein langvarig smak.

Chardonnay
 Er ei av druene som inngår i chablis og champagne. Dyrkes over heile verden. Blir brukt i mange tørre og halvtørre kvitvinar.

Sauvignon Blanc
 Blir brukt i kvit Bordeaux. Gir tørre, kvite og oppfriskande vinar. Dei er sterkt aromatiske og ei duft som minnar om grønn, umoden frukt.

We use cookies on our website. Some of them are essential for the operation of the site, while others help us to improve this site and the user experience (tracking cookies). You can decide for yourself whether you want to allow cookies or not. Please note that if you reject them, you may not be able to use all the functionalities of the site.

Ok