Litt informasjon om korleis kroppen reagerer og forbrenn alkohol.

 

Alkoholens verknad på kroppen
 Alkohol er ei gift (ei mykje brukt gift). Konsumert i moderate mengder, er den eit nytelsesmiddel med svak narkotisk verknad. Narkoseverknaden gjer seg gjeldande som ein svak bedøvelse av hjernens sentral for hemningar og trøtthet. Sjølvkritikk og sjølvkontroll blir slappa av og refleksane er friare. Sjølvfølelsen stiger og me blir livligare og meir omgjengelig i selskap med andre. Den vil også føra til redusert konsentrsjonsevne og hemme korttidshukommelsen og evna til læring. Hos dei fleste vil denne følelsen av å vera berusa opptre ved alkoholkonsentrasjoner rundt 0,5 promille. Kva biologiske effektar i hjernen som årsakar dette, er ein ikkje sikker på, men det kan sjå ut som det har noko med fettstoff som blir danna under forbrenninga av alkoholen. Desse fettstoffa set seg som eit slags "belegg" på hjernecellene og reduserer dermed deira evne til å kommunisera med kvarandre. Ved særleg store alkoholkonsentrasjoner, vil deler av nervesystemet kunne bli heilt lamma. Det farlegaste som kan skje då, er at pustesenteret i hjernen hemmes så mykje at pustinga stansar, og døden kan inntreffa, dersom ikkje nødvendige tiltak iverksettes(ring 113).

Opptak av alkohol
 Alkoholen blir absorbert i magesekken og i tarmen. Absorpsjonen går vanlegvis meget raskt. Det kan målast alkohol i blodet berre eit par minutt etter at den er drukket. I enkelte tilfeller kan ei stor alkoholmengde vera fullstendig absorbert på under ein time. Dersom alkoholen drikkes på full mage, vil absorpsjonen gå tregare og kan strekka seg over fleire timar. Så snart alkoholen er i blodet, blir den transportert rundt til alle organer og kan der begynna å gi sin virkning.
 Noko alkohol kan bli brent opp allerede i magesekken, før den blir tatt opp av blodet. Dette fordi veggane i magesekken inneheld enzym som kan bryta ned alkohol. Denne prosessen ser ut til å vera betre utvikla hos menn enn hos kvinner. Ved store alkoholinntak har ikkje dette så mykje å seia, fordi mesteparten av alkoholen vil bli tatt opp av blodet før den rekker å bli omdanna. Men ved små alkoholinntak, kan dette har stor betydning. Mellom 10 og 40 % av alkoholen kan faktisk aldri nå blodet. Med små alkoholinntak meinast her ein halv liter øl eller ei kvart flaske vin. Alkoholen passerar lett gjennom kroppens celler, og derfor vil me finna den same alkoholkonsentrasjonen i alle kroppens celler kort tid etter at alkoholen er drukket.

Alkoholforbrenninga
 Forbrenninga av alkohol skjer som følger: Alkoholen blir omdanna til eit stoff som heiter acetaldehyd, som igjen omdannas til eddiksyre. Eddiksyre er eit stoff som kroppen er vant til å handtera, og som antakelig har svært få skadeverknader. Omdanninga av alkohol finn stad i levera. Alkoholforbrenninga startar omtrent med det same som inntaket startar Ved forbrenninga blir nesten heile kalori-innholdet benytta. Det utgjer omtrent 7 kaloriar per gram alkohol. Eit vaksent menneske forbrenn opptil 10 gram alkohol per time , dvs 70 kaloriar. Dette er omtrent 70% av den energien kroppen treng i kviletilstand.
 Alkoholforbrenninga skjer med same hastighet heile tida, og hos dei fleste vil det bety at promillen synker med ca. 0,15 promille per time. Det betyr at alkoholpromillen stig så lenge inntaket av alkohol er større enn det som fører til ein promille på 0,15 per time. For ein mann på 80 kg vil dette bety eit inntak per time på meir enn: 0,25 liter pilsnerøl, 1/2 glass 10-12% vin eller 2-3cl 40% brennevin.
Det finns i dag ingen kjente metodar for å auka alkoholforbrenninga!!

We use cookies on our website. Some of them are essential for the operation of the site, while others help us to improve this site and the user experience (tracking cookies). You can decide for yourself whether you want to allow cookies or not. Please note that if you reject them, you may not be able to use all the functionalities of the site.

Ok